Innhold
Introduksjon
Manifest
Arbeidsprogram
Prinsipprogram
Uttalelser Friheten
Arkivet
Kontaktinfo
NKP / Friheten
NKU
Lenker
Innland
Utland
|
Pinleg norsk samepolitikk
Tysdag 23. november kom meldinga om at norske styresmakter må stå skolerett for
FNs Menneskerettskomité på grunn av den politikken landet fører i forhold til samisk
eigdomsrett til land og vatn.
Norge likar å stille først i kritikar-køen når det gjeld å refse brot på FN-konvensjonar
og menneskerettar. Men når det gjeld oppfølging av internasjonale urfolksrettar for
samane, har landet vårt blitt ei sinke. FN vil nå vite heilt konkret kva Norge akter å
gjere for å gjennomføre samisk rett til naturressursane i sine område. Fleire
departemenet er nå engasjert i å utforme svar frå Norge. Det må vere annleis enn det
vi har gitt tidlegare, elles vil vi hamne på svartelista i FNs Menneskerettskomité, i lag
med fleire regime som Norge elles tar sterkt avstand frå.
"Landet kan ikkje lenger vri seg unna, det handler om Norges troverdighet både
overfor samene og det internasjonale samfunnet", seier sametingspresident Svein
Roald Nystø til Dagbladet.
Saka har tydeligvis vore kjent av mediefolk ei tid. Det var Dagbladets Tromsø-kontor
som tok opp saka. NRK Dagsnytt hadde ei bortgjømt melding om det tidleg på
morgonen, som vart tatt bort seinare. Verken Dagsnytt, Nordnytt eller Dagsrevyen
hadde eit ord om saka, verken den 23. eller den 24.
Den 24. kan ein ikkje skulde på at dei var ukjent med det som foregår, for
underskrivne ringte til alle vaktsjefane og gjorde dei merksame på dei store
konsekvensane denne saka kan få for Norge og for norsk samepolitikk. Eit par
vaktsjefar sa at dei ikkje kjente saka, og takke meg for opplysningane. Men det kom
ingenting i deira kanal likevel!
Dagbladets Per Lars Tonstad uttrykker det veldig presist i korttekst:"Den debatten
som pågår i Norge, kan være utgått på dato, hvis konklusjonen i FN blir at Norge
uansett er bundet av internasjonale avtaler til å gi samene selvbestemmelse".
Det mest sentrale i FNs oppfatning av saka er at verken den norske staten eller
Finnmark Fylkesting blir akseptert som eigar av dei samiske kjerneområda. I den
sammenhengen vil fleirtalet i Sametinget, representantane frå Norske Samers
Riksforbund, få 100% aksept av FNs Menneskerettskomité.
Alle forestillingar hos Finnmarks kystbefolkning om fortsatt "norsk" styring av
Finnmarksvidda og andre sentrale samiske område, er illusjonar og blendverk. Å seie
opp ILO-konvensjonen 169, slik Ole Gunnar Ballo (SV) har foreslått, vil berre gjere
saka enda meir pinleg, og kanskje føre til internasjonale sanksjonar mot Norge. Saka
vil avsløre at nesten alle "norske" politikarar og parti i Finnmark har dumma seg ut og
ført Finnmarks kystbefolkning bak lyset. Dei einaste svært heiderlege unntaka er NKP
og RV. Dei to partia har heile tida hevda det synet som nå blir knesatt gjennom FN.
Den samme konklusjonen er komen frå dei norske juristane som har gjennomgått
samiske rettsforhold i lys av ILO-konvensjonen. Deira syn er oppsummert både av
formannen i justiskommisjonen, høgsterettsdommar Jens Edvin Skoghøy, og av
justitiarius Carsten Smith.
Kva må norske politiskare gjere med dette?
Først og fremst ta til etteretning dei soleklare krava frå FNs menneskerettskomité, og
fortelle norske veljarar, ikkje minst i Finnmark, at det ikkje går an å ønsketenke seg
vekk frå samisk råderett til land og vatn.
Finnmarks befolkning har heller ingen ting å frykte da Sametinget og dei samiske
organisasjonane heile tida har sagt at dei vil praktisere sin eigedoms- og
forvaltningsett til beste for både nordmenn og samar. Innanfor det samiske
forvaltningsområdet kjem ingen til å spørje om etnisitet, berre om adresse.
Det mest ukloke som Finnmarks kystbefolkning kan foreta seg nå, er å kverulere over
sin "rett" til å eige og bestemme over Sápmi. Det vil berre føre til at Kyst-Finnmark
blir oppfatta som eit slags "Skandinavisk Alabama". Og det i ei tid da
torskeressursane er i fritt fall, og Finnmark kan trenge all den goodwill som er muleg
å finne, både i vårt eige land, i Skandinavia, i Europa og verda elles.
La oss derfor få eit nasjonalt konsensus om å rette oss etter krava frå FNs
Menneskerettskomité, og be folket på Finnmarkskysten kvitte seg med det gamle
traumet overfor samane, og i staden snu ansiktet mot Barentshavet og stille sine
rettferdige krav til forvaltninga der.
I kampen om Nord-Norges viktigaste ressurs, den arktiske torsken, er den
internasjonalt meir og meir anerkjente samiske befolkninga ein alliasnepartnar som
Kyst-Finnmark ikkje har råd å miste.
Hartvig Sætra
Gå tilbake til:
- Oversikten over artikler og uttalelser.
- Forsiden på NKPs nettsted.
|