Innhold
Introduksjon
Manifest
Arbeidsprogram
Prinsipprogram
Uttalelser
Friheten
Arkivet
Kontaktinfo
NKP / Friheten
NKU
Lenker
Innland
Utland
|
Bioteknologiske firma i djup krise
Etter WTO-fadesen i Seattle først i desember, kunne Information melde den 17.12.99
at verdas leiande firma på sprøytemiddel, frø og genspleisa planter, det amerikanske
Monsanto, nå er i djup krise. Aksjekursane er i fritt fall, både i dette firmaet og fleire
andre, fordi ni internasjonale advokatfirma har reist sak mot konsernet på vegne av
seks bønder. Dei anklagar Monsanto for å søke monopol på heile verdas
frøforsyning, og for å ha marknadsført genspleisa mat utan at risikoen for helse og
miljø er skikkeleg undersøkt.
 (Illustrasjonsfoto)
Både opinionen og forbrukar-interessene har reagert mot Monsantos hardkjør for
genspleisa mat, og spesielt har nok oppslaget om massedød blant larvane til kardinal-
sommarfuglen på grunn av genspleisa mais fått opinionen på gli.
"Monsanto overlever ikkje", seier den kjente britiske miljørådgjevaren John
Elkington. Han kallar Monsanto "ein dødsseglar". Men også dei andre gigantane -
Du Pont, Dow Chemicals (dei med gassen i Vietnam), Novartis (dansk) og
AstraZeneca er ille ute i kjølvatnet av Monsantos snarlege forlis.
Information ser ikkje ut til å tru at USAs regjering vil hjelpe sin tidlegare yndling
Monsanto.
Dersom spekulasjonane i Information viser seg å slå til, vil det nye tusenåret starte
med miljørørslas største siger inntil nå over Den overnasjonale kapitalen. Det er så
løfterikt at ein nesten ikkje tør tru på det.
Hartvig Sætra
Gå tilbake til:
- Oversikten over artikler og uttalelser.
- Forsiden på NKPs nettsted.
|