Innhold
Introduksjon
Manifest
Arbeidsprogram
Prinsipprogram
Uttalelser
Friheten
Arkivet
Kontaktinfo
NKP / Friheten
NKU
Lenker
Innland
Utland
|
Hanne Sophie Greve til forsvaret av "Slaktaren"
Som Observer påviser, vart Kambodsja under Heng Samrin og Hun Sen totalt boikotta
av Vesten og FN. Det var berre Vietnam og Warszawapakt-landa som gav hjelp til det
maltrakterte landet, inntil Redd Barna og det engelske OXFAM trassa boikotten i
1982. Dei vart da truga av Thatcher-regjeringa med at dei kunne bli fråtatt lisensen
som humanitære organisasjonar! OXFAM måtte trekke tilbake eit par bøker som
avslørte Vestens hyklerske forhold til landet (bl.a. Ewa Mysliewic: "Punishing the
Poor"). Det var politisk sensur av grovaste kaliber.
Også i Norge hadde redd Barna eit anstrengt forhold til UD på grunn av sitt
engasjement. Men etter kvart som dei større norske avisene blei meir nyanserte (etter
1984), fekk RB større armslag.
All hjelp frå det offisielle Norge gjekk gjennom FN til flyktningeleirane på den
thailandske sida av grensa. Observers John Pilger og ei rekke andre journalistar har
avslørt at desse leirane var totalt dominert av Pol Pots folk, og at det aller meste av
hjelpa kom Pol Pots bande til gode.
Det er vel få i dag som veit at ein av dei som var med på å styre desse leirane og
distribuere hjelpa, var Verdikommisjonens tidlegare leiar, Hanne Sophie Greve. Ho
har sjølv vedgått at ho på den måten var med på å hjelpe Pol Pot, og dermed forlenge
borgarkrigen i Kambodsja. Men ho unnskyldte seg med at "Hun Sen og hans regjering
var like ille som Pol Pot."
Hanne Sophie Greve ville sikkert bli eit framifrå forsvarsvitne for "slaktaren" Ta
Mok, ved at ho samanliknar han og hans folk med landets folkevalde statsminister!
Elles vil vi minne om den drepande kritikken mot norsk presse, og især mot norske
politikarar, som kjem fram i Ørjan Østviks hovudfagsoppgåve i historie ved
Universitetet i Tromsø: "Norge og Kambodsja - en studie av bakgrunnen for Røde
Khmer-regimet, og norske holdninger til Kambodsja i perioden 1975-1991". Friheten
er den einaste norske avisa som får full honnør i den historiske gjennomgangen.
Hartvig Sætra
Gå tilbake til:
- Oversikten over artikler og uttalelser.
- Forsiden på NKPs nettsted.
|