Innhold
Introduksjon
Manifest
Arbeidsprogram
Prinsipprogram
Uttalelser
Friheten
Arkivet
Kontaktinfo
NKP / Friheten
NKU
Lenker
Innland
Utland
|
Dansk tilsettingsskandale
Frå 1. januar i år heiter sjefen for Det danske senter for Holocaust- og
folkemordsstudier Uffe Østergaard. Han er historieprofessor med moderne historie
som spesialfelt.
Så langt ser alt normalt ut. Men berre ei veke før tilsettinga skreiv den samme
Østergaard ein artikkel i Information der han forsvarte det tyrkiske regimets
undertrykking av kurdisk språk og kultur. Han går til og med så langt at han forsvarer
general Evrens statskupp i 1980, og hans junta som i store trekk likna tilsvarande
brutale diktatur i Hellas under Papadopoulos og i Portugal under Salazar.
Hans kommentar til etniske utreinskingar, tortur og drap mot kurdarane er: "I det
omfang, kurderne har accepteret den tyrkiske nationale identitet og nøjedes med at
tale kurdisk i hjemmet(!), er de ikke blevet mer undertrykte end alle andre borgere i
landet."
Leyla Zana, som fekk 14 års fengsel for å tale kurdisk frå nasjonalforsamlingas
talarstol, kan altså i følgje Østergaard ha det så godt. Det er hennar eiga skuld.
Det er ei politisk ytring som er prega av ein iskald og skremmande høgre-
ekstremisme, langt verre enn det som Jörg Haider står for. Haiders parti har aldri gått
inn for, og slett ikkje praktisert, eit rasistisk forbod mot eit bestemt språk.
Når vi dessutan veit at Bülent Ecevits såkalla "sosialdemokratiske" regjering har
medlemmer frå det tyrkiske fascistpartiet MHP, partiet til "dei grå ulvane", må vi
undrast på korfor ikkje den danske (og den norske) regjeringa for lengst har boikotta
Tyrkia. Inntil vi oppdagar at Ecevits fascist-anløpne regjering er blant Israels beste
venner!

...alt vel i Tyrkia? Dette bildet hevdes tatt i Hakkari, i de kurdiske områdene
av sørøst-Tyrkia, og viser tyrkiske soldater som viser frem kurdere de har drept.
Ein ting er at regjeringa i Danmark ikkje er konsekvent i behandlinga av Tyrkia og
Østerrike. Noko ganske anna er det å utnemne ein direktør for det danske instituttet
for folkemord, som sjølv støttar det tyrkiske folkemordet mot kurdarane.
Det er vel eit utslag av at den danske så vel som den norske regjeringa motvillig
aksepterer folkemord, berre det blir utført av våre og Israels "venner". Og dei vaktar
nidkjært på at begrepet Holocaust ikkje får lov til å gjelde for dei 1,1 millionar
serberar som kroatane og tyskarane drap under bestialske forhold under siste krig.
Slike journalistar og politikarar brukar ulike målestokkar på menneskeliv. Serbiske og
kurdiske liv tel ikkje like mykje som kosovo-albanske og israelske.
Og den jødiske Holocaust får for ørtende gong under ein konferanse i Stockholm
"einerett" på begrepet holocaust. (Aller nådigst kan visst romaniane få bruke ordet.
Men for serberane er det framleis bannlyst, i følgje konferansen og reportasjane
derfrå.)
Vi som er kritiske til Vestens overgrep, og til dei vestlege lands mange allierte bødlar,
må ikkje la dei europeiske og amerikanske politikarane få lov til å "kvitvaske" dei
rasistiske overgrepa hos sine allierte ved hjelp av skyllebøttene mot Haider.
Uffe Østergaard er tidlegare dansk SF-ar, som nå er "angrande syndar" på firsprang
vekk frå venstresida. Han reknar seg i dag som "euro-nasjonalist".
Nyleg har jo ein SV-journalist skrive på SVs internettsider at serberane må forpliktast
til å glømme si historie under siste krig, fordi den fristar dei til å begå overgrep. Ho
"viste også stor forståelse" for at Hitlers tropper vart sett på som "befriarar" i Kosovo
under siste krig.
Kva er eigentleg forskjellen på Haider, Østergaard og andre "tidlegare sosialistar"?
Hartvig Sætra
Gå tilbake til:
- Oversikten over artikler og uttalelser.
- Forsiden på NKPs nettsted.
|