Innhold
Introduksjon
Manifest
Arbeidsprogram
Prinsipprogram
Uttalelser
Friheten
Arkivet
Kontaktinfo
NKP / Friheten
NKU
Lenker
Innland
Utland
|
Etnisk reinsing?
Den sivile FN-misjonen i Kosovo, UNIMIK, er i ferd med å gå i oppløysing.
Kommisjonen har både internasjonale, albanske og serbiske medlemmer. Dei to
såkalla "moderate" serbiske medlemmene, Momcilo Trajkovic og biskop Artemije,
har hittil samarbeidd med KFOR og UNIMIK - eit samarbeid som den såkalla
"Milosevic-tru" befolkninga har vore skeptiske til. Dette at det også er serbiske
medlemmer i UNIMIK, har vore litt av eit glansnummer for dei som har støtta
NATO-aksjonen, slik som den norske regjeringa, AP og Erik Solheim. Det har
formelt vore ein "garanti for eit multi-etnisk Kosovo".
Men nå er dette sløret i ferd med å revne. Årsakene ligg delvis i det felles
amerikanske/tyske spelet for å bakke opp eit reint albansk Kosovo, og delvis i tabber
som den franske leiaren for UNIMIK, Bernard Kouchner, har gjort seg skuldig i. Den
samme Kouchner er, som vi godt kan forstå, på kant med si eiga regjering og med dei
franske KFOR-troppene. Han greip for eksempel ikkje inn da tyske og amerikanske
tropper foretok einsidig gjennomsøking av dei serbiske områda på ein brutal måte,
utan at tilsvarande våpensøk vart gjort i den albanske delen av byen. Han greip heller
ikkje inn da tyske og engelske tropper sto og såg på at den albanske mobben gjekk
laus på dei franske styrkane.
Den siste utviklinga i byen har sett biskopen og den moderate serberleiaren Trajkovic
i ei klemme. Dei trugar nå med å forlate UNIMIK. Det vil vere eit kraftig
prestisjenederlag for FN, og avslørande for alle som har støtta intervensjonskrigen for
å oppnå "etnisk mangfald".
Mest forundring har det vekt i FN-krinsar at Kouchner har tenkt å avvikle vernet om
dei serbiske bydelane. Alle veit at det ville føre til nedslakting av serberar og total
etnisk reinsing, ikkje minst fordi KFOR har avvæpna serberane, men ikkje
albanarane.
For så vidt er dette det samme som har skjedd i andre byar i Kosovo: Pec, Prizren,
Pristina m.fl. Vi veit at KFOR/UNIMIK har late albanarane reinse ut 180 000
menneske allereie, utan å gripe inn, så dei 12000 i Mitrovica blir vel rekna som ein
"bagatell" i den samanhengen.
Vi har heller ikkje hørt særlege reaksjonar på den delvis NATO-støtta etniske
reinsinga frå Solheim & co. Men det er ikkje nytt. Dei reagerte heller ikkje på
utreinsinga av ein halv million serberar frå Slavonia og Krajina. At Solheim & co
støttar dei største etniske utreinsingane i Europa, er blitt ein vane.
Hartvig Sætra
Gå tilbake til:
- Oversikten over artikler og uttalelser.
- Forsiden på NKPs nettsted.
|