Innhold
Introduksjon
Manifest
Arbeidsprogram
Prinsipprogram
Uttalelser
Friheten
Arkivet
Kontaktinfo
NKP / Friheten
NKU
Lenker
Innland
Utland
|
Sterk kritikk mot KFOR-styrken
LAMBERTO DINI, Italias utanriksminister, heldt ein tale for utanrikskomitèen i
parlamentet 9. mars. Han sa der at situasjonen i Kosovo er svært alvorleg, og at
ansvaret for dette først og fremst ligg på albanske ekstremistar. Han sa også at
ekstremistane berre ville diskutere full lausriving av Kosovo og Metohia, og dei
bygger nå opp sin eigen administrasjon parallell til FN-administrasjonen UNIMIK.
Dini understreka også at Italia går inn for å lette sanksjonane mot Jugoslavia, og at
ingen fred er muleg utan Serbias medverknad.
AKIS TSOCHADZOPOULOS , Hellas` forsvarsminister, klandra etniske albanarar i
det sørlege Serbia for den nye uroa ved grensa til Kosovo og Metohia (Gnjilane-
området). I eit intervju i den greske Radio Flash. seier han at ingen i det
internasjonale samfunnet kan akseptere grenseendringar i området. Han appellerte til
EU-landa om å gjere dette klinkande klart for alle partar. Han ba samtidig om at FN-
resolusjon 1244 må bli etterlevd i Kosovo og Metohia.
General ARSOVSKI, tidlegare generalstabssjef i Makedonia, gir uttrykk for det som
svært mange landsmenn meiner, når han understrekar at Kosovo og Metohia er
jugoslavisk territorium, og at Jugoslavias legitime interesser i provinsen også fell
saman med dei fleste nabolandas interesser.
Eit anna naboland, der også NATO fekk bruke installasjonar under krigen, er
Bulgaria. Der har det heile tida vore ein sterk opinion mot krigen, og store
demonstrasjonar. Det nye er at landets største avis "Daglig Utsyn" går sterkt i rette
med statssjefens Stojanovs tildeling av ordenar til Javier Solana og Wesley Clark.
Avisa, som tidlegare støtta den borgarlege Stojanov, reknar opp NATOs synderegister
slik:
"2000 sivile vart drepne, og det vart til og med drepne folk på bulgarsk side av grensa.
Av dei 2000 var det 610 barn. Over 6000 vart hardt såra, av dei var 2400 barn.
Under krigen var 1200 fly på vengane, og dei flaug 26 280 tokt, fyrte av 10 000
rakettar og kasta 2900 tungvektsbomber. Berre i åtaka på reint sivile mål vart det
droppa 21 700 tonn kraftig sprengstoff, inkludert 152 kontainerar med 35 450
klasebomber, som er forbodne etter internasjonale konvensjonar fordi dei berre rettar
seg mot sivile offer.
Da Jugoslavia har 10,5 mill. menneske, er det kasta om lag to kilo sprengstoff på kvar
borgar i landet", skriv avisa, og føyer til:
"Reglane seier at slike dekorasjonar skal gjevast til dei som har "utført gjerningar til
beste for Bulgaria". Men kva nytte har landet vårt hatt av dei øydeleggingane som dei
dekorerte personane har gjort?" spør avisa ironisk.
Hartvig Sætra
Gå tilbake til:
- Oversikten over artikler og uttalelser.
- Forsiden på NKPs nettsted.
|