Innhold
Introduksjon
Manifest
Arbeidsprogram
Prinsipprogram
Uttalelser
Friheten
Arkivet
Kontaktinfo
NKP / Friheten
NKU
Lenker
Innland
Utland
|
TV-underhaldning spegler dei mektiges fordommar?
Vi ser aldri eit norsk satire-program på TV utan at to ingrediensar er med: 1)
Utdriting av dei som har fordommar mot innvandrargrupper, og 2) sterk støtte til dei
som har fordommar mot norske bygdefolk, dialektar og nynorsk.
For å omskrive den italienske sosialisten Gramsci kan vi seie at "dei mektiges
fordommar er dei mektige fordommar når det kulturelle hegemoniet blir skapt". For
TV-underholdningas folk bur ikkje på Tøyen eller Veitvet saman med barnerike
muslimske familiar. Dei sit trygt på Vestkanten og ser hånsk ned på nordmenn som er
"rasistar".
Men når det gjeld eigne fordommar mot bygdefolk og bygdekultur, kan dei spele dei
ut for full guffe. Hadde innvandrargrupper blitt hånt slik som norsk bygdekultur, ville
programma blitt stoppa, og programskaparane vore utan jobb.
Nå tålar vel både målfolk og norske bygdefolk generelt ganske mykje. Vi er rett og
slett så vant til å vere mobbeoffer at vi har tilpassa oss.
Men når den språklege mobbinga går ut over ungane våre, da må vi seie frå. I
barneprogrammet Kykelikokos opptrer det ein forvirra person med norsk flagg på
ryggen. Han bablar ei blanding av telemarksmål og eit kvasi-nynorsk med grove feil
og rare, konstruerte ord. Det er lett å merke at dette gjer inntrykk på bygdeungane, for
dei som ringer inn til programmet, strevar livet av seg for å snakke korrekt bokmål,
sjølv om dei ringer frå Vinje eller Lom.
I mi eiga heimbygd, Krødsherad, tør ikkje ungane snakke heimedialekta når dei er på
skolen, på kafè eller på besøk hos innflyttar-venner. Det har dei sjølve fortalt meg i ei
intervju-undersøking. Dei er redde for å bli mobba for si eiga heimedialekt - i si eiga
bygd! Og når desse "midlands-dialektane" nå blir latterleggjort på TV, vil sjølvsagt
mobbarane få enda eit "poeng": "Du snakker jo slik som han dummingen i
Kykelikokos!"
Ei sak er at det er langt meir svensk og dansk å høre i norske barneprogram enn det er
av norske dialektar og nynorsk. Men når det blir brukt noko anna enn konservativt
bokmål, så blir altså dette språket latterleggjort. Det er faktisk på sin plass å minne
om at det konservative bokmålet i norsk barne-TV berre blir snakka av 15% av
befolkninga, i følgje databasar over norsk språkbruk.
Siste skrik hos vestkant-norskingane er å fleipe med samane. Dei rasistiske
revyinnslaga frå Finnmarkskysten er blitt "in" på Marienlyst.
Det er på sin plass å minne vestkant-norskingane om at det ikkje er "fremmedfrykt"
som har skapt dei verste utslaga av rasisme her på jorda. Tvert om: Både i Sør-Afrika
og Sørstatane har mobbar og offer kjent kvarandre i fleire hundre år. Det er når dei
underkua reiser seg og krev jamstelling, at rasehatet blussar opp. Og da alltid i form
av "dei mektiges fordommar".
Eg har aldri sett eit revy- eller TV-innslag som fleipar med dei maktberande
gruppenes fordommar her i landet. Dei som lagar underholdninga, anten det er
Gokstad, Pedersen eller Jespersen, verken vil eller tør fleipe med 1) byfolks
fordommar mot bygdefolk og nynorsk, eller 2) norsk-norskinganes forakt for samane.
Så vi må vel finne oss i for all framtid at humoren bygger på dei mektiges fordommar.
Men eit krav bør vi kunna stille: Ikkje mobb ungane våre for det språket dei og
foreldra brukar, anten det er norsk eller samisk!
Hartvig Sætra
Gå tilbake til:
- Oversikten over artikler og uttalelser.
- Forsiden på NKPs nettsted.
|