Dødelege grenser

Det har no gått eit knapt ti-år sidan Berlin-muren vart riven. Mange minnast enno at menneske vart skotne av austtysk grensepoliti ved freistnader på å ta seg over. Kvart einaste fluktforsøk som resulterte i tap av menneskeliv fekk brei mediaomtale internasjonalt, og dette skapte sterke kjensler i opinionen. I dag, anno 1999, er det endå fleire som misser livet i samband med freistnader på grensekryssingar enn under den kalde krigen. NRK tekst-TV kan til dømes 14. februar d.å. melde at minst 500 ulovlege meksikanske innvandrarar har omkomme sidan 1994 under freistnader på å ta seg over grensa til USA. Det er ikkje lenge sidan det vart rapportert om særs høge tal på omkomne blant nord-afrikanarar som prøver å komme seg over Gibraltar-stredet. De finst mange slike dødelege grenser kring om i verda. Dei som let livet er fattige og/eller forfølgde menneske frå u-land - personar som ikkje har gjort noko anna gale enn å prøve å skape seg eit betre liv.

Ein kan spørje seg kvifor flyktningetragediane i dag ikkje utløyser den same omfattande medieomtalen som fluktforsøka over Berlin-muren i si tid gjorde, og kvifor dei ikkje vekker den same moralske indignasjonen som då. Ein av hovudgrunnane må vere at mektige krefter ikkje ser seg tent med ei slik mediefokusering, og folkeleg engasjement, i forhold til dagens dødsfall i samband med grensekryssingar. Det kunne få folk til å tenkje igjennom kva som er årsakene til denne tragiske situasjonen og kven som er dei ansvarlege.

Den reint umiddelbare og meir overflatiske grunnen til tragediane ved grensene ligg i den restriktive og menneskefiendtlege flyktning- og asyl- politikken som vert ført av den rike del av verda, særleg USA og EU, men også vårt eige land. Med Schengen-avtalen vil denne politikken bli ytterlegare forsterka, systematisert og brutalisert. Vi får Festung Europa. Men meir primært og grunnleggjande er årsaka å finne i den rådande økonomiske verdsordninga som inneber ei ekstrem skjeivfordeling av goder og bører mellom ulike land og verdsdelar. Ein liten elite disponerer enorme rikdommar medan fleire milliardar menneske lever i djup fattigdom. Denne verdsordninga ber namnet imperialisme, og er eit ektefødd barn av det kapitalistiske samfunnssystemet. I dag er dette dessverre blitt tabuiserte fy-ord for mange, som heller vil bruke meir ufarlege, diffuse og fleirtydige ord som marknadsøkonomi, globalisering o.a.

Ut frå desse synsmåtane er det lett å forstå kvifor dei multinasjonale mediamonopola, som er eigd av mektige kapitalkrefter, er lite villige til å stille slike spørsmål i forgrunnen, slik at dei får prege den politiske dagsordenen. Men alle vi andre, som enno har varme hjarte og kalde hovud, må aldri slutte å snakke og skrive om desse menneske- og samfunnsskapte tragediane, og ikkje minst årsakene som ligg bak. Dette kan bane veg for den effektive kuren som så sårt trengst: Ein meir romsleg og human flyktning- og asylpolitikk og ei ny økonomisk verdsordning som er rettferdig.

Kjell Underlid,
sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)

Utskrift E-post

Norges Kommunistiske Parti

 Bokmål -  Nynorsk -  Engelsk

Besøksadresse  Helgesensgate 21, Oslo
Kontaktskjema finner du her Distriktene finner du her
Postadresse Kiledalen 21, 4619 Mosby

Organisasjonsnr: 985 002 967 - Telefon: 994 51 476 (leder) - Kontonr: 7878 05 37247

ARBEIDERMAKT
MOT KAPITALMAKT!