DEN STØRSTE SKANDALEN I DET KVITE HUS: FORGIFTNINGA AV VIETNAM

Skrevet . Publisert i 1999

På tide for USA å vise ansvar!

Det er i gang ein kampanje for erstatningar til ofra for den verste kjemiske krigen i historia, som vart ført av USA mot det vietnamesiske folket mellom 1962 og 75. I desse åra sprøyta amerikanske styrkar 72 millionar liter lauvfellingshormon (herbicid) over landet. Av dette var 45 mill. liter Agent Orange, eit stoff som inneheld den ekstremt farlege miljøgifta dioxin, forutan plantehormona 2-4-D og 2-4-5-T, som heller ikkje er å spøke med.

Ordren om slik spr›yting vart gitt av Det Kvite Hus etter direkte råd frå Henry Kissinger. Både han og andre gjenlevande frå den amerikanske topp-administrasjonen den gongen kjenner til, og er ansvarlege for, det som har blitt omtalt som "ein av dei mest sjokkerande skandalane i vår tid". (The Ecologist).

Initiativ frå organisasjonen bak Broadsheet

Sist sommar sendte den britiske Organisasjonen for Vietnam, Laos og Kambodsja eit vedtak til den amerikanske ambassadøren i Storbritannia, der dei ba om at ofra for denne kjemiske krigen måtte få erstatning. Dei peika på USAs fordømming av Saddam Husseins kjemiske krigføring mot den kurdiske befolkninga i 1988, og samanlikna denne hendinga med Johnsons og Nixons kjemiske terror mot den vietnamesiske sivilbefolkninga. Til nå har ikkje den amerikanske regjeringa svara på brevet.

Aksjonar også i Vietnam og USA

Den 24. juli 1998 oppretta vietnamesisk Røde Kors eit fond for Agent Orange-ofra, under leiing av professor Nguyen Trong Nhan. Fondet har adresse A/c 3621.90.375.0060 Eximbank, Hanoi.

I sjølve USA er eitt tusen Vietnam-veteranar behandla for til dels alvorlege ettervirkningar etter AO. Mange er døde av kreft og andre sjukdommar som har samanheng med sprøytinga. Det er spesielt dioxinet som fører til fosterskadar, kreft, hudsjukdommar og svekka immunsystem.

Så tidleg som i april 1995 skreiv ein korrespondent i American Journal of Health: "Uansett kva opphavlege motiv vi måtte ha, så er Agent Orange ennå aktiv i Vietnarn". Det danske magasinet Vietnam Ajour skreiv i 1996 under overskrifta "Dioxin, USAs gjeld": "Forskarar er overraska og bekymra over h›ge dioxin-nivået i den sørvietnamesiske befolkninga som var eksponert for Agent Orange under Vietnamkrigen". Sist sommar blei det kunngjort at amerikansk UD, saman med vietnamesiske styresmakter, vil starte ei vitskapleg gransking over "effektane av toksisk forureining i Vietnam, som resultat av USAs krigføring i landet". l juli hadde også ein representant for Pentagon møte med representantar for vietnamesiske krigsveteranar, der desse gav uttrykk for støtte til fortsatt undersøking av amerikanske veteranar.(Jfr. notis under).

Støtte frå britisk hald

Den britiske vitskapsmannen Hugh Warwick skreiv om "Forgiftninga av Vietnarn" i september/oktober-nummeret av "The Ecologist". Han beskriv korleis USA mellom 1961 og 1972 sprøyta eit område på seks millionar acres (24 000 km2, stort som Troms fylke) med fleire titals millionar liter med herbicid. Det var han som brukte dei sterke orda i overskrifta. Artikkelen peikar ut det amerikanske kjemikaliekonsernet Monsanto som djupt involvert i skandalen. Og konsernet har hatt stor forteneste på det. " At Monsanto stadig vrir seg unna ansvaret for veteranane frå konflikten, både dei amerikanske og dei vietnamesiske, er vanærande", skriv han.

Rimelege anslag over barn i Vietnam som er fødd med deformitetar på grunn av AO, går ut på 500 000 frå 1960 til i dag.

Amerikanske veteranar blir nekta kompensasjon!

Tusenvis av amerikanske veteranar som er forgifta av AO, er blitt nekta erstatning som følgje av korrupsjon, dekkoperasjonar og manipulering med dei medisinske undersøkingane som det amerikanske forsvaret har gjort. The Guardians korrespondent i Los Angeles, Christopher Reed, meldte 3. november 1998 at Richard Albanese, ein av dei fire forskarane som la opp forskingsprogrammet, men som vart sparka etter å ha kome med kritikk, nå har begynt å snakke til avisa San Diego Union-Tribune.

Dr. Albanese skuldar militære autoritetar for "medisinske brotsverk". Flyvåpenet sto både for sprøytinga med bladfellingsmidlar, og for dei medisinske unders›kingane med etterverknadene. Studien galdt helsetilstanden for 1000 personar som var med på sprøytinga. Mange har dødd, eller har kreft og andre alvorlege sjukdommar. Mange har fått barn med misdanningar. Men ytterst få av desse har altså fått erstatningar.

Brevet til USAs regjering:

Brevet ber USA "starte å betale dei lenge utlovte reparasjonskostnadene til Vietnam, for skadar forårsaka av uprovosert aggresjon, bombing, napalmbombing og kjemisk krigføring." (Slike erstatningar har USA bunde seg til ved fredsslutninga, men dei har aldri betalt ein einaste dollar. Fredsslutninga gav derimot USAs sjefsterrorist Henry Kissinger ei inntekt på over ein million gjennom den Nobelprisen han fekk av Det norske storting! Oms.merkn.)

I brevet står det vidare: Vi er sjølvsagt klar over at USAs nåverande president arva denne gjeldsbøra frå tidlegare administrasjonar, og at dagens administrasjon neppe ville gitt seg ut på slike bombe-eventyr, med så katastrofale verknader på sivile hos den påståtte fienden. Men vi føler at USAs regjering, som nettopp har fordømt Saddam Husseins kjemiske bombing med tusenvis av offer (i Halabaja i 1988), også skulle fordømme med tilsvarande styrke den kjemiske bombinga som tidlegare amerikanske administrasjonar har foretatt, og begynne å betale kompensasjon til Vietnams offer for Agent Orange og andre giftige kjemikal. Det samme gjeld også for amerikanske soldatar som har fått liknande skadar i denne krigen.

Den nåverande vietnamesiske regjeringa er for høfleg til å be om slike erstatningar, slik dei gjorde tidlegare, som følgje av den skyldnaden president Nixon tok på seg i 1973, fordi dei søker eit nærmare vennskap med USAs regjering. Likevel held det vietnamesiske folket fram med å lide, og det vietnamesiske Røde Kors har stifta eit hjelpefond for offer for Agent Orange i landet."

Brevet konkluderer slik: For ein flott gestus det ville vere for den amerikanske regjeringa å gi eit skikkeleg bidrag akkurat nå, i staden for i framtida å finne seg sjølv i den samme posisjonen som den nåverande tyske regjeringa, som berre betaler erstatning til ofra frå 2. verdskrigen under press. Derfor hastar det med å bringe dette brevet fram til høgaste politiske nivå, til dei medlemmene av USAs regjering som har slike ting som ansvarsområde."

Brevet vart sendt sist sommar, men som nemnt har ikkje regjeringa svara på det ennå.

Nokre fakta om Vietnamkrigen v/HS.

Krigen kosta 2 millionar vietnamesarar og 56 000 amerikanarar livet. På det meste hadde USA 530 000 soldatar i landet, og dei teppebomba store område med ei bombekraft som var omlag fem gonger det som vart brukt i 2. verdskrigen. Det er kjent at amerikanske tropper foretok mange massakrar på sivile. Den største og best kjente var My Lai, der 530 vart drepne. (Jfr. 20 i Racak i Kosovo). Ingen har vore stilt for krigsforbrytardomstol for det som skjedde.

Det er registrert omlag 14 millionar såra, skadde, kreftsjuke og fosterskadde etter denne krigen. Fortsatt blir mange sjuke som etterverknad av den kjemiske krigf›ringa. Fortsatt lever mange av dei amerikanske leiarane som er ansvarlege for krigen. Ingen bed dei møte for domstolen i Haag.

Kjelder: Pax Leksikon, Store Norske, Fakta om Vietnam, Vietnambevegelsens skrifter.

Hartvig Sætra

Utskrift