Naturvernforbundet og forpliktande internasjonale konvensjonar

Skrevet . Publisert i 1999

Som medlem av Naturvernforbundet har eg heile tida stått mot den ekstreme rovdyrvern-gruppa, og tilrådd ei kompromiss-linje overfor Bygde-Norge. I så måte deler eg fullt ut dei synsmåtane som Natur og Ungdom står for. Eg har bl.a. hevda at høgtlønna NNV-medlemmer ikkje har moralsk rett til å ruinere låglønte bygdefolk, og at første vilkår for ei bærekraftig rovdyrforvaltning er at ikkje "naturvernerane" stikk neven ned i lommene på norske småbrukarar for å dekke norsk rovdyrforvaltning økonomisk. Eg har også sett spørsmålsteikn ved å innføre eit rovdyrvern etter politistats-metoden, slik den ekstreme rovdyrvern-fløya vil.

Ikkje minst har eg sett ved sjølvsyn kor stor psykisk belastning det er for barna å vekse opp i ein situasjon der dyr som dei er glade i og har namn på, blir ihelrivne, mens dei sjølve ikkje tør gå ut i naturen. Det står ingen Steinar Lem eller Dag Hareide klar med "krisepsykiatri" overfor desse ungane. Dermed får vi heller ingen ny generasjon av småbønder i rovdyrområda. Og det vil bli slutt på å fore opp lettvint rovdyrmat på subsidiert kufor A. Kor mange rovdyr kan overleve da? Neppe så mange som vi har i dag. Det tilseier mine kunnskaper om næringspyramiden.

Etter dei siste økonomiske fadesane i NNV ser det ut til at den ekstreme fløya har overtatt roret i organisasjonen. Og eit kjernepunkt i argumentasjonen er heile tida den såkalla "Bern-konvensjonen", som dei hevdar forpliktar Norge til å "ha ei levedyktig stamme av alle store rovdyr på norsk jord". Personleg kan eg ikkje forstå at vi dermed er forplikta til å tillate ulv i alle delar av landet.

Ein skal ha repekt for dei internasjonale konvensjonane som Norge har underteikna. Både dei som gjeld dyr og dei som gjeld menneske. La oss derfor ta for oss NNVs haldning til ein annan omdiskutert konvensjon i deees dagar: ILO-konvensjon nr. 169 om urbefolkningar. Så vidt eg kan dømme ut frå pressemeldingar frå NNV, har organisasjonen gitt eit innspel til Samerettsutvalgets innstilling som bryt totalt med dei pliktene til rettferd overfor urfolk som Norge ikkje berre har underteikna, men har vore ein sterk pådrivar for.

Når ein internasjonal konvensjon gjeld rovdyr, må vi etter NNVs syn overoppfylle han. Men når det gjeld å gjere opp for gammel urett mot samane, da kan vi etter NNVs syn gi blaffen. Eintreng ikkje vere sauebonde eller bygdemenneske for å bli opprørt over eit slikt moralsk dobbelt-bokholderi.

Ifølge det velrenomerte engelske tidsskriftet New Internasjonalist er det ein aukande tendens rundt på kloden at omsynet til store, vakre dyr blir brukt av turistkapitalen til å nedkjempe urfolksrettar. NI bekalgar at dette ofte skjer også med tilslutning frå den såkalla "venstresida" innan naturvernet. det er den ny skremmande tendensen framfor år 2000.

Hartvig Sætra
Medlem nr. 031462 i Naturvernforbundet
Medlem av FIVH

Utskrift