Krigen på Balkan: Komplisert og enkel

NATO har no sleppt sine bomber mot mål i Jugoslavia i fleire veker, og det er lite som tyder på at krigen vil ta slutt med det første. Mange har tatt klare standpunkt - for eller imot NATO-bombing. Og i denne samanheng finst det eigentleg ikkje noko mellomstandpunkt - anten er ein for eller i mot. Alt anna vert tåketale. Men det verkar også som det er ei stor gruppe som er i tvil, og som meiner at saka er særs komplisert. Vi vert dagleg "bombardert" med nye informasjonar og nye analysar og perspektiv. Diskusjonen og argumentasjonen føregår mellom anna ut frå historiske, militære, politiske og moralske perspektiv. Det er ikkje rart at mange vert forvirra og rådlause i ein slik situasjon. Kjensgjerningane, kjernen i saka, er likevel enkle nok:

For det første: NATO, som Noreg er medlem av, har gått til militært angrep på eit europeisk land, Jugoslavia.

For det andre: Noreg er dermed i krig.

For det tredje: Landet som vert bomba er ein suveren stat med ei folkevald regjering, og har ikkje framsett militære trugsmål mot noko NATO-land.

For det fjerde: Angrepa er ikkje godkjent av FN, og er i strid med folkeretten.

Dette faktiske situasjonsbiletet er ikkje spesielt innfløkt og vanskeleg å forstå. I det offentlege ordskiftet om konflikten i Kosovo, og NATO-bombinga, vert det sett fram ulike synspunkt om årsaker og dermed om tilskriving av skyld og ansvar. Men dette er likevel ikkje noko ordskifte på eit fritt, ope og likeverdig grunnlag. Den psykologiske krigføringa er kanskje ikkje alltid like lett å få auge på for alle, men er likevel høgst reell. Her spelar dei store media på lag med NATO og sørger for å bearbeide opinionen slik at bombinga framstår som nødvendig ("vi har prøvt alt") og jamvel moralsk høgverdig ("humanitære omsyn"). Informasjonen som vert gitt er er ofte feilaktig og høgst selektiv. Det vert presentert eit ufullstendig, fordreia og einsidig bilete av situasjonen. Det vert konstruert eit stereotypt fiendebilete, motparten vert personifisert (Milosevic) som om krigen berre er retta mot ein enkeltperson, svart-kvitt-tenking får dominere og den språklege manipuleringa ved hjelp av retoriske knep er iaugnefallande. Slik prøver krigsherren å hindre innsikt i krigen sitt sanne vesen og sørge for at ikkje folkemassane reiser seg til aktiv krigsmotstand. Det gjeld om å legitimere krigen.

I NATO-samanheng er psykologisk krigføring eit eige fag og det er bygt opp eigne institusjonar som tek seg av dette (kampen om sinna, om opinionen), også i Noreg. Folk flest er vel mest opptatt av den reint moralske sida ved krigen - er det rett eller gale å bombe Jugoslavia? Men også moralske vurderingar vert påverka av slik psykologisk desinformasjon. Moralske vurderingar av kva som er rett eller gale vert dessutan prega av dei analysane som vert lagt til grunn for ei forståing av det aktuelle fenomenet.

Norges Kommunistiske Parti (NKP) er av den oppfatning at NATO-bombinga er eit militært uttrykk for imperialistiske stormaktsinteresser som primært er av økonomisk karakter og som hentar si næring frå monopolkapitalen sin grenselause hunger etter profitt. Det er ikkje tilfeldig at NATO lanserer og praktiserer sin nye "ut av område-strategi" (intervensjonar over heile jordkloden) i globaliseringa sine glansdagar, der MAI-avtalen er meint å setje krona på verket. Når kapitalen flyt fritt over landegrensene, og dei multinasjonale stormonopola har sine avleggarar over heile verda, følgjer det nærast som ein logisk konsekvens at NATO også må bli verdspoliti. I kampen om avsetnadsmarknader, om investeringssfærer for kapital og om olje- og råstoffkjelder vert NATO si viktigaste oppgåve å sikre stormonopola sine interesser - på kort og lang sikt.

I dagens unipolare verd - der USA i realiteten er einaste supermakt - kan dette landet ta seg til rette utan å måtte ta omsyn til sterke motkrefter. På noko lengre sikt vil rivaliseringa mellom dei leiande imperialistiske maktsentra (USA, EU og Japan) kunne utgjere ein alvorleg fare for verdsfreden. Særleg i USA har det vakse fram eit enormt militær-industrielt kompleks med ei uhyggeleg makt som i praksis ikkje er underlagt demokratisk innsyn, kontroll og styring.

Krigen på Balkan må sjåast i eit slikt perspektiv. I dette området finst det enno barrierar og stenglar for den internasjonale kapitalen. Kontrollen over Balkan er dessutan viktig ut frå eit større perspektiv. Regionen er som ein slags korridor mot større og viktigare område i Mellom-Austen og delar av det tidlegare Sovjetunionen. Her finst det enorme naturrikdommar, ikkje minst veldige oljeførekomstar. For den som måtte meine at ein slik analyse av krigen på Balkan er søkt og lite adekvat, kan det vere grunn til å minne om at eit av krava i Rambouilett-avtalen faktisk var fri marknadsøkonomi (les: kapitalisme). No viser det seg at stortingsrepresentantane som sa ja til NATO-bombinga ikkje hadde lese denne avtalen, sjølv om den jugoslaviske avvisinga av kravet om å underskrive avtalen vart brukt som påskot til angrepet.

Direktøren ved fredsforskingsinstituttet i Lund i Sverige, Jan Øberg, skriv forøvrig at han ikkje kjenner til nokon suveren stat på jorda som ville godta ein slik avtale. Men uansett korleis ein analyserer krigen på Balkan - og her vil det vere ulike syn - må hovudoppgåva no vere å samle alle gode fredskrefter i ein brei og slagkraftig front mot NATO-bombinga. Det minste felles multiplum som alle krigsmotstandarar må kunne samle seg om kan samanfattast i to punkt som eg skal ta for meg i det følgjande.

1) NATO sin angrepskrig løyser ikkje problema på Balkan, og gjer vondt verre. Konsekvensane av å bombe inneber større menneskelege lidingar totalt sett enn konsekvensane av å ikkje bombe, mellom anna avdi flyktningeproblemet aukar. Bombene drep menneske (den såkalla "kirurgiske" bombinga er ein illusjon og eit farleg propagandaknep), men dei meir langsiktige konsekvensane er kanskje endå verre. Som etterverknader av ein øydelegt infrastruktur og eit forgifta miljø (jamfør bombing av oljeraffineri, drivstofflager og ammunisjonsarsenal og frigjering av uranstoff m.m.) vil det oppstå enorme menneskelege lidingar. Andre konsekvensar av NATO-bombinga er politisk destabilisering på Balkan, i Europa og i verda elles. NATO-generalane og deira støttespelarar øydelegg det skjøre arbeidet for fred og avspenning og skaper ei meir utrygg verd. Bombene sår hat som vil leve i generasjonar. Terskelen for angrepskrig er blitt senka, og mange spør alt no: Kven vert neste offer for NATO-angrep? Mogelege "kandidatar" står nær sagt i kø. Ein kan såleis seie at ut frå eit konsekvensetisk og utilitaristisk moralsyn må bombinga fordømmast på det hardaste.

2) NATO-bombinga representerer ein praksis som vanskeleg kan gjerast til ei allmenn rettesnor i internasjonal politikk utan å setje verda i brann. Den tyske filosofen Kant sette i si tid fram følgjande moralske krav: "Handle slik at prinsippet for handlinga di kan gjerast til ei allmenngyldig lov". NATO bombar her ein suveren stat som ikkje har truga noko NATO-land militært, og bryt folkeretten. FN har ikkje gitt si godkjenning. Kring om i verda føregår det om lag 30 borgarkrigar der store folkegrupper vert trakasserte med vald frå herskarklassen. Dersom ein skulle følgje NATO sin logikk og vere konsekvente, burde organisasjonen intervenere militært overalt der slikt skjer. Men NATO vel i staden å støtte opp om mange slike regime. Til dømes vert NATO-landet Tyrkia, med si brutale framferd mot kurdarane, aktivt støtta av USA, militært, økonomisk og politisk. Vi har her med ein dobbeltmoral å gjere som det er vanskeleg å finne ord for. NATO-bombinga let seg rett og slett ikkje forsvare ut frå reint logiske og moralfilosofiske prinsipp. Dersom NATO, med USA i spissen, skulle vere konsekvente, ville dette utløyse ein ny verdskrig.

Desse synspunkta burde vere ein tankevekkar for Verdi-kommisjonen, som Bondevik-regjeringa fekk oppnemnt. Men i desse krinsane synest parolen vere at moral er noko som helst høyrer privatlivet til og at sniking på trikken utan å betale billett er verre enn massiv bombing av ein suveren stat. Det som elles er mykje framme i diskusjonar om etikk no for tida er den såkalla nærleiksetikken. For å forhindre overgrep må vi etablere nærleik til ofra - vi må sjå det lidande subjektet i auga. Depersonalisering, teknifisering og byråkratisering gjer oss mindre kjenslevare for overgrep. Det er i denne samanheng eit tankekors at dei dødbringande bombene vert sleppt over Jugoslavia av NATO-pilotar som sit trykt plassert i teknisk vindunder (les: monster). Dei er usårbare, og alt dei treng gjere er å trykke på knappar. Dei ser ikkje ofra sine, dei lever på trygg avstand frå dei morderiske menneskelege konsekvensane av handlingane sine.

Det ser no ut til at det einaste som kan stoppe krigen er folkeleg mobilisering. Breie lag av folket i Noreg og andre land må engasjere seg til aktiv motstand mot NATO-bombinga. Mange seier at krigen er så komplisert at det er vanskeleg å ta standpunkt og engasjere seg. Dette vart også sagt tidleg under Vietnam-krigen, og fungerer no som då som ein barriere mot engasjement. Men det viste seg at den folkelege motstanden mot USA si krigføring i Vietnam var ein avgjerande grunn til at USA måtte trekke seg ut av Indokina. Slik lyt det bli no også. Javisst er krigen på Balkan komplisert, men krig-fred-problematikk handlar også om det enkle og lettfattelege. Ved å ta i bruk nokre få og nokså enkle grunnprinsipp, burde eit overveldande fleirtal av folket kunne seie eit klart og og eintydig NEI til NATO-bombinga, og engasjere seg i anti-krigsarbeid. Det er også viktig å hugse på at dette ikkje er noko tradisjonell "høgre-venste-konflikt". Det finst menneske som er imot krigen i nær sagt alle leirar, til dømes blant konservative, kristne og i militære krinsar (jamfør Carl Bildt, tidlegare svensk statsministar og leiar for det svenske høgrepartiet, sitt klare standpunkt mot bombinga). La oss samle oss om Nordahl Grieg sine ord: "Krig er forakt for liv. Fred er å skape. Kast dine krefter inn: Døden skal tape!". La dette bli ein samnemnar for krigsmotstanden, som må bli så brei og engasjert som mogeleg.

Kjell Underlid
sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)

Utskrift E-post

Norges Kommunistiske Parti

 Bokmål -  Nynorsk -  Engelsk

Besøksadresse  Helgesensgate 21, Oslo
Kontaktskjema finner du her Distriktene finner du her
Postadresse Kiledalen 21, 4619 Mosby

Organisasjonsnr: 985 002 967 - Telefon: 994 51 476 (leder) - Kontonr: 7878 05 37247

ARBEIDERMAKT
MOT KAPITALMAKT!