BONDEVIK - EIN KRIGSFORBRYTAR?

FN sin krigsforbrytardomstol i Haag må etterforske politiske leiarar i NATO i samband med krigen på Balkan. Bombinga i Jugoslavia er utan tvil brot på lover og internasjonale avtaler, bl.a. Geneve-konvensjonen og FN- charteret, og har skapt enorme menneskelege lidingar. Når sjukehus, bussar og jamvel den kinesiske ambassaden vert råka er dette påminningar om kor hjartelaus, farleg og meiningslaus krigen er. Den norske regjeringa har hovudansvaret for at Noreg, som NATO-medlem, er i krig, og statsminister Kjell Magne Bondevik, utanriksminister Knut Vollebæk og forsvarsminister Eldbjørg Løver må difor meldast som mogelege krigsforbrytarar for krigsdomstolen i Haag. Desse synsmåtane er faktisk heilt i samsvar med eit forslag frå jus-professorar ved eit universitet i Canada (kjelde: NRK-Tekst-TV 8. mai d.å). Å gå til angrepskrig er ei alvorleg sak som bør få følgjer for dei ansvarlege.

Kjell Underlid
Sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)

Utskrift E-post

Norges Kommunistiske Parti

 Bokmål -  Nynorsk -  Engelsk

Besøksadresse  Helgesensgate 21, Oslo
Kontaktskjema finner du her Distriktene finner du her
Postadresse Kiledalen 21, 4619 Mosby

Organisasjonsnr: 985 002 967 - Telefon: 994 51 476 (leder) - Kontonr: 7878 05 37247

ARBEIDERMAKT
MOT KAPITALMAKT!