ER GLOBALISERINGA EIT DEKKE FOR SLAVERI?

Skrevet . Publisert i 1999

I bladet Broadsheet skriv Roger J. Grimes om dette temaet. Han seier det slik:
«Slaveriet endte ikkje med Wilberforces vellykka kamp i forrige hundreår, men eksisterer som eit grunnleggande element i dei liberalistiske vestlege økonomiane, som tilsynelatande propaganderer for «frihet». I dag maskerer slaveriet seg under dekket av dei nye økonomiske frihetene som blir kalla «globalisering».

Da den lange blokaden av Vietnam tok slutt, kom det ingen fridom frå fattigdommen i den nye kvardagen, men produksjon av NIKE joggesko ved hjelp av barnearbeid til ein dollar dagen. Dei samme vilkåra finn ein i svært mange utviklingsland, frå Haiti til Filippinene, der barn blir misbrukt til å produsere merkevarer for den vestlege moteindustrien.

«Utvikling» av Laos står nå for tur. Spørsmålet er også der: Til kva slags humanitære kostnader? Det endelege slaget vil stå om folks vedigheit og kor høgt eit menneskeliv står i kurs.

Stoda etter nedbygginga av sosialismen i Sovjetunionen har vist at verken Russland eller Kina har funne noko svar på korleis teknologien skal fungere til beste for menneska. Vesten har i dag råderett både over kva slags teknologi eit fattig land får innføre, og kva slags varer dei får lov å returnere - til lågast muleg pris.

Globalisering har blitt ein eufemisme (ei formildande omskriving) for ei slavebinding av jordas fattige under eit lite, rikt mindretal med all makt. Denne utviklinga har fråtatt fleirtalet av jordas folk all byrgskap og sjølvkjensle.

Det einaste alternativet til slaveriet ser ut til å vere Cubas veg: å nekte å underkaste seg. Men også det krev store offer i form av isolasjon og teknisk stagnasjon.»

Artikkelforfattaren skriv dette på bakgrunn av innsyn i Vietnams nye situasjon. Dette viser at sjølv om land som Kina og Vietnam framleis kallar seg «sosialistiske», er dei i realiteten fanga inn av det systemet som den forrige generasjonen av vietnamesarar slost og ofra liv for å unngå.

Det viser også kor sentral Cubas rolle er, som det einaste fattige landet som ikkje har bøygd unna. (Her står begrepet «friheter» for «å ta seg friheter», i motsetning til «fridom».)


Hartvig Sætra

Utskrift