Når skal USA betale for sine folkerettsstridige våpen i Vietnam?

Denne notisen finn eg i mai-nummeret av «Broadsheet», organ for solidaritetsarbeid med Vietnam i Storbritannia:

Erstatningar til deformerte barn i Vietnam.

Ei gruppe på 65 medlemmer av det britiske Underhuset ber den britiske regjeringa øve press på USA for å yte erstatningar til vietnamesarar som har fått skadar av giftstoffet Agent Orange.

AO var som kjent ei blanding av plantehormon (2.4.D og 2.4.5.T m.fl.), som skulle få regnskogen til å felle lauvet, slik at amerikanske helikopter kunne finne FLN-soldatane.

Framlegget til Underhuset er utforma av den unge, farga representanten Oona King (Labour), og ordlyden er slik:

«Dette Huset har merka seg at Agent Orange vart brukt av amerikanske styrkar frå 1965 i Vietnam-krigen, og at 72 millionar liter gift som vart sprøyta ut over Vietnam, har vore årsak til alvorlege skadar på over to millionar menneske. Det er snakk om alvorlege fysiske abnormalitetar, kreft, lammelse, psykisk sjukdom, abortar og dødfødslar.

Dette Huset finn bevis for at effektane av Agent Orange er langvarige og skadar fleire generasjonar, og beklagar bruken av kjemiske våpen, likesom vi lovar å sjå alvorleg på lærdomane frå Vietnam når det gjeld bruken av slike våpen. Vi vil også sette fokus på skyldnadene overfor den tredje generasjonen av vietnamesarar som nå står for tur til å lide av etterverknadene av AO. Vi oppmodar Den Britiske Regjeringa til å presse Den Amerikanske Regjeringa til å betale kompensasjon til alle som er råka av sjukdomar som Agent Orange er årsak til.»

Dei 65 underskrivarane omfattar kjente folk som Dennis Skinner, Martin Bell, Tam Dalyell, Tony Benn, Chris Mullin og Barbara Follett.




Moral er tydeligvis ikke lengre så viktig når det er penger og ære å forsvare.



Tretten av dei representantane som underteikna, sette fram dette tillegget:

«I tillegg vil vi ha denne merknaden: Dette Huset merkar seg vidare at det kompaniet som var ansvarleg for Agent Orange, var Monsanto, som for tida prøver å presse folk til å ete genetisk modifisert mat.»

Når skal norske parlamentarikarar følgje etter?

Eg vil be representantar for dei partia som er representert på Stortinget om å slutte seg til dei engelske parlamentarikaranes framlegg. Ikkje minst fordi det kan tenkast at vi ein gong i framtida kan få ei liknande moralsk rekning på bordet når det gjeld NATO-barbariet på Balkan. Og da vil den norske staten vere direkte medskuldig, saman med NATO og dei nabostatane til Serbia som har stilt luftrom, hamner og flyplassar til rådvelde.

Det er best å betale nå, og ikkje la rekningane hope seg opp. Den neste bunken kan bli større. Verken Erik Solheim eller andre vil få det godt med sin stortingspensjon når det skjer.


Hartvig Sætra

Utskrift E-post

Norges Kommunistiske Parti

 Bokmål -  Nynorsk -  Engelsk

Besøksadresse  Helgesensgate 21, Oslo
Kontaktskjema finner du her Distriktene finner du her
Postadresse Kiledalen 21, 4619 Mosby

Organisasjonsnr: 985 002 967 - Telefon: 994 51 476 (leder) - Kontonr: 7878 05 37247

ARBEIDERMAKT
MOT KAPITALMAKT!