USA respekterer ikkje globale patent-lovar

Vil du lage Ernest Hemingways favoritt-drink "Mojito"? I så fall treng du Havana Club rom. Og det er viktig med ekte vare.

I så fall må du sjå deg godt for når du går på Polet neste gong. For nå har det amerikanske selskapet Bacardi begynt å lage ei etterlikning på Bahamas, og dei marknadsfører den under namnet Havana Club, - noko dei ikkje har lov til, da det cubanske selskapet HKH har registrert varemerket, - til og med i USA, med nummer 103165 i det amerikanske varemerke-registeret.

Normalt skulle slike saker vere heilt kurante. Av 907 liknande saker har alle ført til domfelling av den som bryt patentlovane. Men for Havana Club gjorde den amerikanske dommaren unntak: Blokaden av Cuba fekk rettsleg rang framfor internasjonale patentlovar som er vedtekne av WTO. I og med at USA har ratifisert WTO-reglane, og til og med er det landet som oftast og sterkast brukar den såkalla Marrakech-overeinskomsten, er det her skjedd eit solid overtramp i forhold til internasjonal rett, til og med på eit område der USA har meir å tape enn andre land.

Det gjenstår å sjå om det såkalla "verdenssamfunnet" maktar å gjennomdrive sine eigne lovar - som ofte er sterkt USA-prega - overfor det landet som hevdar å stå over lovane. Det vil vere nokså avslørande dersom HKH og samarbeidspartnaren, det franske Pernod, taper denne saka også internasjonalt. Da har vi eit globalt handelsregime som meir liknar på Papa Doc i Haiti: Diktatoren kan bryte alle lovar etter behag.

Spørsmål til Vinmonopolet/Arcus.

Vi som brukar å kjøpe Havana Club med visse mellomrom, har lyst til å vite om det er HKHs ekte vare eller Bacardis juks vi får, når vi spør etter Havana Club. Eg går ut frå at Arcus/Vinmonopolet pliktar å opplyse slikt i følgje norsk forbrukar-lovgjeving. Derfor krev eg eit svar frå Arcus/Vinmonopolet, på vegne av norske forbrukarar.


Hartvig Sætra

Utskrift E-post

Norges Kommunistiske Parti

 Bokmål -  Nynorsk -  Engelsk

Besøksadresse  Helgesensgate 21, Oslo
Kontaktskjema finner du her Distriktene finner du her
Postadresse Kiledalen 21, 4619 Mosby

Organisasjonsnr: 985 002 967 - Telefon: 994 51 476 (leder) - Kontonr: 7878 05 37247

ARBEIDERMAKT
MOT KAPITALMAKT!