Sterk kritikk mot KFOR-styrken

LAMBERTO DINI, Italias utanriksminister, heldt ein tale for utanrikskomitèen i parlamentet 9. mars. Han sa der at situasjonen i Kosovo er svært alvorleg, og at ansvaret for dette først og fremst ligg på albanske ekstremistar. Han sa også at ekstremistane berre ville diskutere full lausriving av Kosovo og Metohia, og dei bygger nå opp sin eigen administrasjon parallell til FN-administrasjonen UNIMIK. Dini understreka også at Italia går inn for å lette sanksjonane mot Jugoslavia, og at ingen fred er muleg utan Serbias medverknad.

AKIS TSOCHADZOPOULOS , Hellas` forsvarsminister, klandra etniske albanarar i det sørlege Serbia for den nye uroa ved grensa til Kosovo og Metohia (Gnjilane- området). I eit intervju i den greske Radio Flash. seier han at ingen i det internasjonale samfunnet kan akseptere grenseendringar i området. Han appellerte til EU-landa om å gjere dette klinkande klart for alle partar. Han ba samtidig om at FN- resolusjon 1244 må bli etterlevd i Kosovo og Metohia.

General ARSOVSKI, tidlegare generalstabssjef i Makedonia, gir uttrykk for det som svært mange landsmenn meiner, når han understrekar at Kosovo og Metohia er jugoslavisk territorium, og at Jugoslavias legitime interesser i provinsen også fell saman med dei fleste nabolandas interesser.

Eit anna naboland, der også NATO fekk bruke installasjonar under krigen, er Bulgaria. Der har det heile tida vore ein sterk opinion mot krigen, og store demonstrasjonar. Det nye er at landets største avis "Daglig Utsyn" går sterkt i rette med statssjefens Stojanovs tildeling av ordenar til Javier Solana og Wesley Clark. Avisa, som tidlegare støtta den borgarlege Stojanov, reknar opp NATOs synderegister slik:

"2000 sivile vart drepne, og det vart til og med drepne folk på bulgarsk side av grensa. Av dei 2000 var det 610 barn. Over 6000 vart hardt såra, av dei var 2400 barn. Under krigen var 1200 fly på vengane, og dei flaug 26 280 tokt, fyrte av 10 000 rakettar og kasta 2900 tungvektsbomber. Berre i åtaka på reint sivile mål vart det droppa 21 700 tonn kraftig sprengstoff, inkludert 152 kontainerar med 35 450 klasebomber, som er forbodne etter internasjonale konvensjonar fordi dei berre rettar seg mot sivile offer.

Da Jugoslavia har 10,5 mill. menneske, er det kasta om lag to kilo sprengstoff på kvar borgar i landet", skriv avisa, og føyer til:

"Reglane seier at slike dekorasjonar skal gjevast til dei som har "utført gjerningar til beste for Bulgaria". Men kva nytte har landet vårt hatt av dei øydeleggingane som dei dekorerte personane har gjort?" spør avisa ironisk.

Hartvig Sætra

Utskrift E-post

Norges Kommunistiske Parti

 Bokmål -  Nynorsk -  Engelsk

Besøksadresse  Helgesensgate 21, Oslo
Kontaktskjema finner du her Distriktene finner du her
Postadresse Kiledalen 21, 4619 Mosby

Organisasjonsnr: 985 002 967 - Telefon: 994 51 476 (leder) - Kontonr: 7878 05 37247

ARBEIDERMAKT
MOT KAPITALMAKT!