NATO i indre splid?

Det har vekt voldsom oppsikt nedover i Europa at albanske demonstrantar som gjekk til åtak på dei franske KFOR-styrkane ved grenselina i Mitrovica, bar amerikanske "Stars and Stripes" i lag med UCK-flagget. Det som vekker mest røre, er at USA ikkje har protestert overfor UCK og ikkje har tatt avstand frå slik bruk av det amerikanske flagget. Dette må vere det nærmaste ein kjem ein intern væpna konflikt i NATO sidan dei verste konfrontasjonane mellom Hellas og Tyrkia for nokre år tilbake.

Det er ikkje til å undrast over at reaksjonane er sterkast i Frankrike. Den konservative avisa France Soir skriv 23.02. at "USAs strategi for dominans på Balkan er lett å få auge på bak den albanske valden i Kosovo. USA vil prøve å nå sine mål via den albanske geriljaen UCK."

Avisa siterer anonyme franske høgare offiserar som tar del i FNs fredsbevarande styrke KFOR. Dei seier at "konspirasjonen som utgår frå yankees spekulerer i at dei europeiske landa, og spesielt Frankrike, skal mislykkast med sine oppdrag. Dermed ligg vegen open for at USA vil tre inn og framstille seg som den einaste forsvararen for etniske albanske interesser."

Avisa seier at det er bortanfor all tvil at det er albanske ekstremistar som er skuld i den siste opptrappinga av vald i Mitrovica. Offisielle tal viser at av dei 40 som KFOR arresterte for vald og oppvigleri, var 39 av albansk etnisitet.

Dei franske styrkane har bestemt seg for å forsvare resten av serberane i Kosovo for å bevare det etniske mangfaldet i provinsen, skriv France-Soir. Uroa ved delelinja i byen er eit forsøk på å etablere eit absolutt etnisk reint Kosovo, og det meiner franskmennene at dei er bundne av sitt FN-mandat til å sikre.

Men tyske og amerikanske soldatar har skjerpt den serbiske befolkningas mistru ved å gjennomsøke den nordlege delen av byen på ein svært brutal måte. Dei oppga at dei leita etter våpen, men etterlet seg store skadar på hus og innbu, i følgje det tyske Unsere Zeit.

I dei albanske bydelane avlyste KFOR ettersøking av våpen, enda alle veit at det finst store mengder der. Og albanarane kunne i tillegg til sine eigne 10 000 trekke 20 000 ekstra demonstrantar inn i byen frå andre område, enda KFOR hadde bestemt at dette ikkje skulle skje. Franskmennene har prøvd å halde seg til avtalane og FN- resolusjonane, men dei er makteslause overfor USAs spel.

"US-diplomatar har nære kontaktar med dei politiske og militære leiarane i UCK", skriv France-Soir, som peikar på at når dei ulovlege demonstrantane bar det amerikanske flagget, var ikkje det tilfeldig. Heller ikkje at demonstrantane let raseriet gå ut over franske KFOR-tropper, som prøver å hindre etnisk reinsing av Mitrovica.

Den norske Dagsrevyen kommenterte ikkje dei amerikanske flagga! Det var lett synleg på Dagsrevyen 22.februar at dei albanske demonstrantane bar amerikanske flagg. Men enda så oppsiktsvekkande dette var blei det ikkje kommentert. Det var likevel mange som undra seg over episoden, og underskrivne har blitt spurt om det. Eg svara, som sant var, at dette vil ikkje Dagsrevyens folk kommentere, fordi det ikkje stemmer med deira versjon av konflikten å vise fram ein mobb som har etnisk reinsing som mål, og amerikanske flagg i hendene. Det er ikkje første gongen dei juksar med fakta, men det er sjelden at jukset lar seg observere direkte ut frå Dagsrevyens eige bildemateriale.

Hartvig Sætra

Utskrift E-post

Norges Kommunistiske Parti

 Bokmål -  Nynorsk -  Engelsk

Besøksadresse  Helgesensgate 21, Oslo
Kontaktskjema finner du her Distriktene finner du her
Postadresse Kiledalen 21, 4619 Mosby

Organisasjonsnr: 985 002 967 - Telefon: 994 51 476 (leder) - Kontonr: 7878 05 37247

ARBEIDERMAKT
MOT KAPITALMAKT!