Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
HjemForsideImportedUttalelser1998

Freden - det viktigaste av alt

Januar burde vere ein månad for stille ettertanke og djerv nytenking. Etter at nyttårsribba er fortært, og røyken av nyttårsrakettane har lagt seg, burde vi alle bruke nokre veker på å skode attende og sjå framover i tid. Særleg no når vi nærmar oss eit tusenårsskifte skulle det vere god grunn til å tenkje stort og langsiktig.

Det 20. århundre har meir enn noko anna vore krigen og ufreden sitt århundre. Om lag 100 millionar menneske har døydd på slagmarkene og eit ukjent antal har blitt lemlesta. Det er tale om menneskelege lidingar av eit ufatteleg omfang. Å snu denne utviklinga - å ta steget frå krig til fred, få opprusting til nedrusting - er menneskeætta si største og edlaste oppgåve og utfordring. Men det ser ikkje spesielt lyst ut.

Det er ikkje mange vekene sidan USA og Storbritannia sleppte dødelege bomber over Irak, og tok livet av uskuldige sivile irakarar. Saddam Hussein gjekk sjølvsagt fri. Tidleg på nyåret vart det meldt at USA vil auke militærutgiftene meir enn nokon gong sidan den kalde krigen var på sitt verste på 1980-talet. Om lag samstundes kunne vi lese på tekst-TV at ei tysk forskargruppe konkluderte med at 1998 ikkje hadde vore noko godt år for freden. Det pågår nærare 40 krigar og væpna konfliktar kring om i verda. Mange av konfliktane vert omtala som "etniske". Om ein skal tru ei pressemelding på haustparten i fjor veit israelarane råd mot etniske motstandarar. Dei skal ha utvikla biologiske våpen som berre rammar visse etniske grupper! Frå 1980-åra minnest vi nøytronbomba, som var slik laga at ho tok livet av menneske utan å gjere skade på bygningar og andre materielle verdiar. Utvikling av slike våpen viser kor grusom og meiningslaus den militære tankegangen er. Vi må også hugse på at våpna drep utan å bli brukt. I ei tid då det døyr om lag 12 millionar barn årleg av fattigdomsrelaterte årsaker, vil berre brøkdelar av militærutgiftene ha redda millionar av menneskeliv dersom midlane hadde blitt brukt til slike føremål. Tenk kor mange barn i u-land som kan vaksinerast mot farlege sjukdommar for kostnaden ved å produsere eit jagarfly!

Det viktigaste no er et flest mogeleg menneske over heile jorda reiser seg til kamp for fred og nedrusting. Kravet om avskaffing av alle masseøydeleggingsvåpen må stå øverst på dagsordenen. Men det er likevel ikkje nok å berre kjempe for fred og nedrusting. Radikalt fredsarbeid må også gjelde kamp mot krigen og militarismen sine grunnleggjande /årsaker/. Krig skuldast ikkje den menneskelege natur, men har nær samanheng med sosial ulikskap og urettferd - med skeivfordeling av goder og bører. Ved å skape gode kår for alle menneske - ei ny økonomisk verdsordning med solidariske velferdssamfunn - vert mykje av grunnlaget for krig og opprusting fjerna. Vi veit at det er ressursar nok til dette på jorda i dag - det er eit spørsmål om å fordele dei på rett måte. Difor er også kampen for økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar fredsarbeid.

Oppgåva kan kjennest enorm og uoverstigeleg. Men alle kan gjere litt. Ei aktiv og samla fredsrørsle med masseoppslutning kan bli ei mektig kraft - ein fredssuksess! La 1999 bli det året då fredsrørsla verkeleg fekk eit oppsving. Det eine av nyttårsfortsetta min er difor alt realisert: Eg har meldt meg inn i Den norske fredskomité. Vi må alle begynne med oss sjølv, og prøve å få andre med oss. Godt nyttår!

Kjell Underlid
Sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)