Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
HjemForsideImportedUttalelser1998

NORGES KOMMUNISTISKE PARTI (NKP) 75 ÅR

Det er ikkje kvardagskost at eit norsk politisk parti feirer 75 år. Norges Kommunistiske Parti vart skipa i 1923, og markerer jubileet med eit festarrangement i Oslo laurdag 7. november. Den neste helga (14. - 15. november) vert partiet sitt 23. ordinære landsmøte halde i Bergen, der NKP sitt sentralstyre ligg. Ei av sakene på dette landsmøtet vil vere samarbeid på venstresida i norsk politikk.

Det er ikkje lett å gje ei kortfatta og allment akseptert framstilling av NKP si historie. Ein slik omtale vil nesten uunngåeleg bli farga av auga som ser. Partihistoria til NKP er særs rikhaldig og mangslungen, og kan ikkje sjåast isolert frå hendingar og utviklingstrekk i den norske og internasjonale arbeidarrørsla.Det er alt skrive bindsterke bøker, hovudoppgåver og doktoravhandlingar om NKP si rolle i norsk politikk. NKP gjev i desse dagar ut boka "De norske kommunistenes motstandskamp 1940 - 1945", som er skriven av partiveteranane Birger Bakken, Reidar Th. Larsen, Arne Jørgensen og Åge Fjeld. Partiet mista heile 21 av 25 sentralstyremedlemmer i kamp mot dei tyske okkupantane. I tillegg vil det bli utgitt ytterlegare tre bøker om NKP si historie i næraste framtid.

Det er såleis ein vital og aktiv 75-åring som rundar år. Sjølv om NKP i dag er svekka som følgje av langvarig antikommunisme og politisk forfølgjing (jamfør Lund-kommisjonen sin rapport), ser partiet lyst på framtida, og kan glede seg over tilsig av yngre krefter og framgang for søsterparti i mange land (til dømes Japan og Russland). I dag må jamvel dei hardaste anti-kommunistar vedgå at kommunismen likevel ikkje var død!

Viktige kampsaker for NKP ved inngangen til eit nytt tusenår er kamp mot norsk EU-medlemskap og EU-tilpassing, mot NATO- medlemskap og MAI-avtale og for fred og nedrustning, miljøvern og sosial rettferd. Kampen mot dei store multinasjonale selskapa sitt diktatur, og striden for utvida demokrati og reelt folkestyre, står øverst på den politiske dagsordenen for norske kommunistar. Målet er framleis å erstatte det kapitalistiske samfunnssystemet med sosialismen.

Kjell Underlid Per Lothar Lindtner
Norges Kommunistiske Partis sentralstyre.