Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
HjemForsideImportedUttalelser1999

Ytringsfridom i Noreg - bløff eller realitet?

Tidlegare i haust leverte leiar i Ytringsfrihetskommisjonen, Francis Sejersted, innstillinga si. Det har, i følgje forlagssjef Andreas Skartveit, utløyst ein uvanleg unison lovsong til formannen og medlemmene av kommisjonen (Dagbladet, 14. oktober d.å.). Innstillinga vekte lite debatt, og kunne lett gje eit inntrykk av at alt har vore, og er, slik det bør vere på dette området i kongeriket Noreg. Men er dette sant?

I ein tankevekkande kronikk (Dagbladet 14. november) skriv professor Martin Eide, med utgangspunkt i ei historieframstilling av ytringsfridommen i Noreg av Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen, at det er vanskeleg å snakke om nokon full og reell ytringsfridom i landet frå slutten av 1940-åra og fram til ut i 1960-åra. Tilgangen til frimodige ytringar var på mange område sterkt redusert. Den politiske disiplineringa som partia og pressa, assistert av politisk overvaking, sto for i kampen mot kommunistane og i debatten om NATO, gjorde ytringsfridommen bortimot illusorisk.

I tillegg fekk vi forslag til ny krigslov og beredskapstiltak som representerte det sterkaste åtak på trykke-, meinings- og ytringsfridommen som nokon gong er blitt fremja i Noreg.

Dette er sterke ord om den norske ytringsfridommen i etterkrigstid. Javel, vil mange likevel seie, men det var då, og ikkje no. Men ytringsfridommen har ringe kår også i dag - i Noreg! Vi veit til dømes at storkapitalen eig det meste av mediebedriftene, og ein må vel nærast vere politisk blind om ein ikkje ser at dette er eit trugsmål mot det frie ord, ja, mot sjølvaste demokratiet. Ihuga systemforsvararar vil her innvende at dette nok kan ha sine tvilsame sider reint prinsippielt og allment, men at det ikkje let seg gjere å føre prov for at det faktisk førekjem meiningssensur i dagens Noreg. Men dette er feil. Det finst mange høgst konkrete prov. Eg skal her nøye meg med tre tilfelle som kan tene som ein illustrasjon på at ikkje alt som vert sagt i festtalar om ytringsfridommen her til lands er sant.

Då Norges Kommunistiske parti (NKP) for vel to år sidan stilte lister i samtlege 19 fylke ved Stortingsvalet vart partiet systematisk teia i hel i NRK, TV-2 og dei store riksdekkande avisene. Ved fylkes- og kommunevalet i haust, då partiet stilte lister i over halvparten av landet sine fylke og i ei rekke kommunar, gjentok den same historia seg. Media var "hermetisk" lukka for kommunistpartiet. I fjor feira NKP 75- årsjubileum. Norske kommunistar har vore sentrale aktørar på viktige samfunnsområde i store delar av dette hundreåret, men ingen av dei store og riksdekkande avisene og NRK/TV-2 ville nemne dette med så mykje som eitt ord! Det mangla så visst ikkje på pressemeldingar, lesarinnlegg o.a. frå partiet si side, korkje i samband med vala eller jubileet.

Norges Kommunistiske parti (NKP) er eit systemkritisk parti, eit parti som går mot det rådande samfunnssystemet (kapitalismen) og som arbeider for eit nytt system (sosialismen/kommunismen). NKP talar veike grupper si sak og tek til motmæle mot rikfolk, kapitalkrefter og makteliten. NKP er også eit lite parti - mellom anna som ei følgje av utestenginga frå media. Men står det så dårleg til med den norske ytringsfridommen at små og systemkritiske minoritetar ikkje får komme til orde? Talar vi ikkje her nettopp om sjølve prøvesteinen på om det eksisterer ytringsfridom? Det skal bli spennande å sjå om også denne påpeikinga av faktiske manglar ved den norske ytringsfridommen vert sensurert bort! Men uansett får det vere ei trøyst at sanninga alltid kjem til sin rett - før eller seinare.

Kjell Underlid
Sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)